mandag 17. mai 2010

17. mai-feiring på kontoret


Eg vart aleine
på ein ubekvem stol
ved ein pult på kontoret
der det ikkje vart sol

Min bleike kropp
med dress utanpå
pynta med omhu
men ingen fikk sjå

Det nærar seg sluten
enden på eit semester
eg les til eksamen
kan ikkje ta i mot gjester

Eg er så fortvila og lei
at eg nesten driter på meg
vil ikkje lesa fag
på denne nasjonaldag

Korleis kan eg huske så lite
når eg har lest så lenge

Kan du ta eksamen for meg
for ein billig penge?



Penniless Moneymaker (1984 - 2010?)